Takst Vest satsar på Gjøvik
Takst Vest satsar på gode leverandører og på Gjøvik - fra venstre dagleg leidar Endre Haga Vange og takstingeniør Svein Arve Ruud.

Takst Vest satsar på Gjøvik

Torsdag 22. januar 2026 samla Takst Vest AS leverandørane Polygon, OCAB, Recover og Kaph til samarbeidsmøte i kontorlokala våre på Gjøvik. Målet for dagen var å bli betre kjende og saman finne dei beste løysingane for kundane og forsikringsselskapa.

Gjennom møta fekk me verdifulle innspel frå leverandørane, som sit på solid kompetanse innan både marknad, fag og lokale tilhøve. Fleire av selskapa har òg spesialkunnskap innan gjenbruk og reparasjon i krevjande skadesaker. Dette opnar for meir berekraftige løysingar og betre ressursbruk, der det er fagleg forsvarleg.

For Takst Vest AS er godt samarbeid avgjerande for å sikre høg kvalitet i leveransane. Når takstmann og utførande aktørar jobbar tett saman, gir det tryggare prosessar, betre avgjerder og meir føreseielege løysingar for kundane.

Tilbakemeldingane frå samarbeidsdagen var svært positive. Leverandørane gav uttrykk for at dei sette stor pris på å bli inviterte med tidleg i satsinga vår på vestsida av Mjøsa. Dette legg eit godt grunnlag for vidare samarbeid til beste for kundar, forsikringsselskap og miljøet.

Les meir om Takst Vest her